Informasjon

 

PRISAr

Laurdagspass med middag: kr 495.
Inkluderer festmiddag, konsert og klubb.

Konsertpass laurdag: kr 295.
Inkluderer inngang konsert og klubb laurdag. Innslepp kl 21.

Fredagspass: kr 200/150 (medlemsrabatt for medlemer i DNT, før på medlemsnummer under betaling).

Torsdag: Gratis


Turmål:

Øystese er eit svært godt utgangspunkt for vidgjetne toppturar. I næraste grannelaget finn me Skrott (1320 moh), Manfjell (1263 moh) og Torefjell (1050 moh). Alle desse byd på variert skikøyring med flott fjordutsyn. Det finst også renner og skar kor ingen har køyrd før... Kanskje vert Oddmundsgjel, Kabuseskaret eller Smørdalsklypet for fyrste gong køyrd?
Innan 1,5 time køyring finn me Rosendalsalpane med Gygrastolen, Omnatind og Bjørndalstindane som ettertrakta toppturmål. Ein annan klassikar er Oksen som kanskje gjev det mest spektakulære toppturutsynet i heile Hardangerfjorden.
Aktuelle turmål og logistikk omkring dette vert ordna i herleg fellesskap kvar kveld. Arrangør bidreg med logistikk.


Overnatting:

Me har ein flott bukett med tilbydarar av husrom i bygda med sjel og særpreg. Alle ligg sentralt og har svært gode fasilitetar. Ta kontakt med dei direkte!
Mo gardsferie: http://www.mogardsferie.no 
Vetlemyrane gard: http://www.vetlemyrane.no 
Sjøtunet: http://www.sjotunet.no 
Hardanger Feriesenter

 
Rosendalsalpane.jpg